Kommunestyremøte i Bykle torsdag 30. mai

Det blir både orienteringar og ordinære politiske saker til kommunestyremøtet i Bykle torsdag 30. mai.

Det er kommunestyremøte i Bykle torsdag 30. mai. Her frå møtet i mars i år. - Klikk for stort bileteDet er kommunestyremøte i Bykle torsdag 30. mai. Her frå møtet i mars i år. Ole Birger Lien

Før dei folkevalde tar til med politiske saker blir det ei orientering frå Midt-Agder friluftsråd. Det blir også orientering om Bykle bygdeheim ved Geir Skjevrak.

Kommunerekneskapen

Av ordinære saker til møtet er mellom anna godkjenning av kommunerekneskapen for 2023 og budsjettrevisjon 2 i 2024. Budsjettjustering for 2024 for Setesdal brannvesen IKS er ei eiga sak, og dei folkevalde skal drøfte arkiv- og museumsstrukturen i Agder - høyring. Av andre saker kan ein nemne bruk av vatn frå kommunale vassverk til industri, forenkla gang- og sykkelveg i Byklebakkane og tildeling av kulturmidlar. 

 

 

Blir streama

For den som vil ha møtet med seg men ikkje kan vere til stades er Valle radio klar med streaming.

HER er lenka til overføringa.