Kommunestyremøte i Bykle torsdag 30. april

Dei folkevalde i Bykle kommune samlar seg i kommunestyresalen torsdag 30. april klokka 17.

Det er kommunestyremøte i Bykle torsdag 30. april. Her frå møtet i mars. Ole Birger Lien

Før ein kjem i gang med dei politiske sakene blir det presentasjon av arbeidstrenings- og inkluderingsprosjekt, av Brynjeprosjektet og Bykle og Hovden rideklubb i Fjellgardshallen, ved Heidi Lysdahl og Agnes Fosse Hovden. Det blir også ei orientering om Distriktsrådet HV-07 (Heimevernsdistrikt 07) ved Per Øyvind Asbjørnsen og om Utmarkskommunenes sammenslutning (USS) ved Bykle-ordførar Hans Blattmann.

Frå NM i langrenn til vern i Berdalen

Av politiske saker ein kan nemne er mellom anna søknad om støtte til NM i langrenn, reguleringsplan Ørnefjell hytteområde og uttale til melding om oppstart av verneprosess for vern i Berdalen. 

Her kan ein streame møtet

Her er innkalling og saksliste