Kommunestyremøte i Bykle torsdag 28. november
Torsdag 28. november klokka 9 samlar kommunestyret i Bykle seg til dagmøte. Blant ei lang liste med saker er den største budsjett for 2025 og økonomiplan 2025-2028.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 25.11.2024 12:28
Sist endra 25.11.2024 12:28
Det er kommunestyremøte i Bykle torsdag 28. november. Her frå møtet i september.
Eivind Ilje Tveit
Dei folkevalde får saker om alt frå helsefremjande oppvekst til søknader om støtte frå aktørar som Hovden skigymnas, Hovden løypekøyring og Bykle sokn. Forskrift om godtgjering for folkevalde 2025 kjem også på bordet, før det altså skal handle om budsjett og økonomiplan.
Valle radio streamer møtet - HER er lenke til overføringa.
HER kan du inn og laste ned sakslista.