Kommunestyremøte i Bykle torsdag 26. mars
Dei folkevalde i Bykle kommune samlar seg i kommunestyresalen torsdag 26. mars.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 23.03.2026 14:28
Sist endra 23.03.2026 14:28
Det er kommunestyremøte i Bykle torsdag 26. mars klokka 17. Her frå møtet i februar.
Ole Birger Lien
Frå klokka 16 er det generalforsamling i Bykle og Hovden vekst AS. Kommunestyremøtet tar til klokka 17. Før sjølve handsaminga av dei politiske sakene tar til blir det ei orientering frå Teknisk drift og eigedom ved verksemdleiar Eirik Birkeland.
Frå orienteringar til detaljregulering
I sjølve møtet får både ordførar og kommunedirektør høve til å kome med orienteringar, før saker som høyringsuttale om ein berekraftig kommunesektor, detaljregulering for Hovdestøylen og slutthandsaming og kommunal drift på Hegni sommarsesongen 2026 kjem på bordet.
Møtet blir streama - her kan ein klikke seg inn
Møteinnkallinga finn du her