Kommunestyremøte i Bykle torsdag 26. februar
Dei folkevalde i Bykle samlar seg i kommunestyresalen torsdag 26. februar klokka 17.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 23.02.2026 08:42
Sist endra 23.02.2026 08:42
Kommunestyret i Bykle samlar seg torsdag 26. februar klokka 17. Her frå eit møte i fjor.
Ole Birger Lien
Før handsaminga av dei politiske sakene tar til blir det orientering frå tenestene pleie og omsorg i Bykle kommune, og dessutan frå Setesdal Miljø & Gjenvinning.
Frå levekårsutvalet til plan for oppvekst
Av saker på sakslista kan ein nemne alt frå nyorganisering av levekårsutvalet til heilskapeleg plan for oppvekst 2026-2036, vedtak av planprogram, grovsiling av innspel til sti- og løypeplanen, søknad om støtte til Landskappleiken og innbyggjarførespurnad om forbod mot privat oppskyting av fyrverkeri i Bykle kommune.
Vil du ha med deg møtet, men kan ikkje vere til stades? Her kan du fylgje overføringa.
Innkalling/Saksliste