Kommunestyremøte i Bykle torsdag 12. september
Dei folkevalde i Bykle samlar seg i kommunestyresalen torsdag 12. september klokka 17. Der ventar ei innhaldsrik saksliste etter sommarferien.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 09.09.2024 10:20
Sist endra 09.09.2024 10:20
Det er kommunestyremøte i Bykle torsdag 12. september. Her frå eit tidlegare møte.
Ole Birger Lien
Før dei ordinære sakene skal ein mellom anna innom både melding om vedtak høyring Regionplan Agder 2030 med regional planstrategi og årsrapport 2023 for interkommunal Unesco-satsing i oppveksteiningane i Bykle, Valle og Bygland.
Enøk-tiltak
På sakslista finn ein mellom anna plan for forvaltningsrevisjon 2023-2027 og ein status for Enøk-tiltak. Kommunestyret skal vedta tildeling av LIM-midlar 2024 (likestilling, integrering, mangfold) og utbyggingsavtalar for Hovden høyfjellsenter og Hovden aust kjem på bordet. Ein skal også gå gjennom samarbeidsavtale med ressursgruppa for hyttevelforeiningar i kommunen.
Valle radio streamer som alltid møtet.
Lenke til overføringa:
Direktesending frå kommunestyremøtet