Kommunestyremøte i Bykle i morgon torsdag 28. mai

Dei folkevalde i Bykle samlar seg i kommunestyresalen torsdag 28. mai klokka 17.

Det er kommunestyremøte i Bykle torsdag. Her frå møtet i april. Ole Birger Lien

Før handsaminga av politiske saker kjem i gang blir det orientering frå Å Energi ved konserndirektør Jan Erik Eldor, presentasjon om konservativ brotbehandling i allmennpraksis ved forskar Stein Vabo og orientering om Landskappleiken 2026 ved Knut Erik Jordstøyl.

Av saker representantane får på bordet kan ein nemne årsmelding frå ungdomsrådet, detaljregulering for Vidsyn II og utviding av skjenketid for serveringsstader med alminneleg skjenkeløyve under fotball-VM.

Møtet blir som alltid streama - Her er lenke til overføringa.

Her er innkallinga til møtet.