Kommunane i Setesdal søkjar leiar for interkommunalt tilsynskontor for spreidde avløpsanlegg

Anders Martinsen

Kommunane Bykle, Valle, Bygland og Evje og Hornnes etablerer no eit felles interkommunalt tilsynskontor for spreidde avløpsanlegg. Det kan på sikt bli aktuelt med fleire kommunar i samarbeidet. Tilsynskontoret blir organisert som eit vertskommunesamarbeid etter kommunelova kapittel 20, med Bygland kommune som vertskommune. Kontoret vil vere lokalisert i Bygland kommune.

Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk leiar som skal byggje opp og leie det nye tilsynskontoret i ein viktig etableringsfase, og vidare sikre profesjonelt og heilskapleg tilsyn og saksbehandling innan avløp og forureining.

Tilsynskontoret skal ha inntil tre 100 % stillingar, inkludert leiar. Talet på stillingar kan bli justert dersom fleire kommunar kjem med i samarbeidet. Arbeidsstad er Bygland kommune, med arbeid i heile samarbeidsregionen. Noko reiseverksemd må påreknast.

Les meir om stillinga og søk her