Jenny Jenssen med førjolskonsert på heimen i Bykle

Onsdag 26. november klokka 11 kjem Jenny Jenssen til heimen i Bykle med førjolskonsert.

Jenny Jenssen kjem med førjolskonsert til heimen i Bykle 26.11 klokka 11.

Ein kan knapt minnast eller kjenne til ein annan artist her i landet som er så «julete» som nettopp Jenny Jenssen. Allereie i slutten av oktober kjem ho i julestemning, heng opp julelys i hagen og pyntar inne. Og julestemning blir det også i Setesdal når ho kjem til Bykle, Valle og Bygland med sin juleturné «Jennys Jul» onsdag 16.november! Julekonsertane til Jenny Jenssen speglar hennar nære forhold til jula og julebodskapen. Stemningsfullt, vakkert og nært er nøkkelorda for Jenny si førjulsturné. 

Fortel om barndomens jol

Jenny fortel om si eiga barndomsjul og oppvekst, og om korleis ho opplevde juleførebuingane. Songane Jenny framfører er mellom anna henta frå den publikums- og kritikarroste juleplata Jennys Jul. Her kjem dei kjende og kjære julesongane som perler på ei snor, inkludert Trygve Hoff si “Nordnorsk julesalme” og “Et lys imot mørketida”.

Konsertturné i Setesdal onsdag 26.11.:
Bykle sjukeheim kl. 11 - Valle bygdeheim kl. 13 – Byglandsheimen kl. 16