Innhaldsrik næringsdag i Bykle

Med aktørar frå både Bykle og Valle og støtteapparat frå lokalt og sentralt hald vart det ein innhaldsrik næringsdag i Bykle nyleg.

Dei som var med fekk ein innhaldsrik næringsdag i Bykle nyleg. - Klikk for stort bileteDei som var med fekk ein innhaldsrik næringsdag i Bykle nyleg. Ole Birger Lien

Frå Innovasjon Norge kom Ellen Saltermark, Pågang næringshage deltok med May-Lill Skjeggedal og ikkje minst Tor Borgar Hansen som kom frå Skattefunn i regi av Forskingsrådet.  Lokale næringsrådgjevarar frå både Bykle og Valle var også med på samlinga som vart opna av Bykle-ordførar Hans Blattmann.

– Vil vri støttearbeidet

Blattmann opna samlinga og peika på at det både frå næringslivet og kommunen er eit ynskje om tett dialog og samarbeid. Så er Bykle kommune i budsjettprosess, og det kan bli mindre til rein næringsstøtte. Då er tanken at ein kan finne nye måtar å bistå dei næringsdrivande på.

– Kanskje kan kommunen stimulere på andre måtar, ikkje minst som døropnar inn til ulike ordningar?, sa han.

Skattefunn

Tor Borgar Hansen kom frå Skattefunn og Forskingsrådet. Skattefunordninga, som er av dei minst byråkratiske, skal stimulere til forsking, utvikling og nyskaping. Ordninga kan nyttast til å skape nye produkt, utvikle ei teneste, effektivisere prosessar og liknande. Ulike kriterie ligg til grunn, og ein kan ha prosjekt gåande tre-fire år. Søknader som kjem inn seinast 1. september er garanterte å bli handsama same året. Skattefunn er ei skattefrådragsordning, ikkje ei tilskotsordning. Ordninga kan også nyttast i kombinasjon med andre støtteordningar.

Innovasjon Norge

Ellen Saltermark i Innovasjon Norge tok for seg vegen til berekraftig vekst og innovasjonsrådgjeving. Ho såg mellom anna på at regionale utviklingsmiddel blir nytte på til dømnes reiselivsprosjekt. Innovasjon Norge femner også landbruk, har utanlandskontor og er aktive på stand- og messedeltaking. Både bedriftsutvikling og bedriftsnettverk er område Innovasjon Norge medvirkar til. Saltermark tok mellom anna for seg skilnaden mellom mjuke investeringar, alt frå produktutvikling til strategiprosessar, versus ordinære investeringar i maskinar og anlegg. Bedriftsnettverk var også eit viktig tema. Verksemder i eit nettverk kan styrke kvarandre og tene meir på samarbeid. Det kan handle om alt frå distribusjon til kompetanse, også dette eit område der Innovasjon Norge kan bidra.

Pågang næringshage

May-Lill Skjeggedal i Pågang næringshage Setesdal greia ut om vegen frå oppstart til vekst og omstilling. Det regionale utviklingsselskapet kan bistå med alt frå kostnadssparing til produktutvikling, ikkje minst gjennom næringshageprogrammet SIVA finansiering. Næringshagen yter bistand med eigne og eksterne tenester, men ikkje reine tilskot. Kompetansemeklinga i verktøykassa kan dekke kostnader til ekspert inntil 300.000 kr. 

– Denne trioen utgjer ei breid pakke mange i næringslivet kan dra nytte av. Me ser at det gjerne er ein kombo mellom ulike tenester som gjev best effekt. Å føre slike krefter saman med lokalt næringsliv, med kommunen som tilretteleggjar, er sers positivt, seier fungerande næringssjef i Bykle kommune, Signe Sollien Haugå.

På tampen av samankomsten vart det bestemt at det skal skipast til temadag reiseliv i Bykle 27. januar neste år.

Ellen Saltermark i Innovasjon Norge var med i Bykle. - Klikk for stort bileteEllen Saltermark i Innovasjon Norge var med i Bykle. Ole Birger Lien