Innhaldsrik desember for SFO i Bykle!

På skogstur leika dei, laga bål og sminka seg med oske. Som joleførebuing baka dei kaker. Ikkje minst var dei på nissemarsj der dei måtte finne åtte gøymde froskar. Kven som har hatt det så moro? SFO i Bykle vel!

Alle foto: Ingunn Skogheim

Det høyrer med til historien at froskane kunne vekslast inn i ein nissesjokolade på SFO. Etterpå hadde alle graut og saft. 

Verdas største tårn

Ikkje minst har gutane har hatt eit stort lego-prosjekt på gang i heile haust. Bygninger som Ikea, rådhuset, fotballbane osb. Siste nytt er verdas høgaste tårn, så den som vil finne oppskrifta på eit aktivt og spennande miljø bør sjå til SFO i Bykle!