Sonja Lien Skjevrak i Bykle kommune er i full gang, saman med ei rekke aktørar, med å utarbeide det som skal bli ny sti- og løypeplan som del av kommuneplanen sin arealdel.
Ole Birger Lien
Det er kommunestyret som har vedteke arbeid med sti- og løypeplan. Kommunen har motteke tilsegn om støtte til arbeidet frå Agder fylkeskommune. Målet er ein plan som legg til rette for at ein kan arbeide langsiktig med besøksforvaltning og tilretteleggjing av ferdsleårer for friluftslivet, som stør under berekraftmålsettingar innanfor natur/miljø, sosialt og økonomisk. Planen må balansere bruk mot vern, og tryggleiken vil alltid vere eit eige fokusområde.
Medverknad
I prosessen så langt har medverknad og forankring vore nøkkelord. Det heile tok til i september i fjor, då starta kommunen opp med tre grunneigarmøter, eit på Hovden, eit i Bykle og eit for Midt-Regionen. På desse møta deltok også andre aktuelle aktørar som til dømes beitelag og jaktlag.
– I møta fekk me ein heil del innspel som vart med vidare i prosessen. Me fekk mellom anna omgrepet nærtur på bordet, dette med at det ikkje alltid må vere dei krevjande toppturane det handlar om, men den vesle sveiven ein tar frå stogedøra si, seier Sonja Lien Skjevrak i Bykle kommune.
Ho legg til at tema som betre samanbinding i sti- og løypenettet, ei viss sikring av tilgang til høgfjellet og mange andre moment også vart drøfta på møta.
Prosjektgruppe
I arbeidet er det sett ned ei prosjektgruppe beståande av kommunen, både administrativt og politisk, representantar frå hyttevela, grunneigarar, idrettslag, Destinasjon Hovden og ikkje minst lokalt næringsliv.
– Prosjektgruppa har treffpunkt kring annankvar månad. Dette, saman med dei andre aktørane, gjer at me får forankra arbeidet vårt, slår Lien Skjevrak fast.
Bykle kommune gjennomførte også nyleg ei spørjeundersøking blant lokal ungdom med den komande sti- og løypeplanen som tema.
– Om lag 80% av ungdomane våre gjer seg nytte av sti- og løypenettet. Difor er det sjølvsagt viktig at også dei får kome med sine innspel. Dei var mellom anna opptekne av å få ein skatepark, tilretteleggjing for hest og betre ljos langs ulike trasear. Alt dette er innspel me tar med vidare, seier Lien Skjevrak.
I gang med analysearbeidet
Arbeidet med ny sti- og løypeplan er no inne i ein analyseperiode der ein ser kva av innspela som skal med vidare og kva ein landar på i høve den endelege planen.
– Både planutval og kommunestyre skal medvirke i ei grovsiling før me arbeider oss vidare inn mot det som blir den endelege planen. Planen skal på høyring før ein kan få ei endeleg handsaming i kommunestyret. Det blir etter alt å døme i løpet av hausten 2026, seier Sonja Lien Skjevrak.
Målet med planen
Heilskapleg løypenettverk
Planen skal lage eit samanhengende nettverk for ski, sykkel og fottur som fungerer heile året.
Tilrettelegging og sikkerheit
Skilt, informasjonstavler, bruer og parkering sikrar enkel og trygg bruk av løypene for alle.
Balanse mellom bruk og vern
Bruk må balanserast med vern for å beskytte natur og villrein, og sikre berekraftig friluftsliv.
Samarbeid i lokalsamfunnet
Samarbeid mellom bygdefolk, hyttefolk, kommunen og ungdomsrådet er viktig for å nå måla.