I dag ular det i telefonen!

I dag onsdag 14. januar klokka 12 blir naudvarsel på mobil og Sivilforsvaret sitt varslingsanlegg over heile landet testa i ei felles nasjonal varslingsprøve.

Pixabay

Det er politiet som sender ut testen av naudvarsel på mobil. Samstundes testar Sivilforsvaret tyfonane med signalet "Viktig melding – søk informasjon". 

Lydsignal og tyfonar

Det betyr at mobiltelefonar i heile landet vil vibrere og spele av eit høgt lydsignal, samstundes som tyfonane uler. Det kan vere lurt å varsle sine næraste om varslingsprøva, slik at så mange som råd veit at det bare er ein test.