I dag er røykvarslardagen!
I dag 1. desember er den nasjonale røykvarslardagen - og landet rundt oppmodar brannvesenet folk flest om å sjekke batteri og sjå til at varslarane fungerer.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 01.12.2025 09:23
Sist endra 01.12.2025 09:23

At det er nettopp 1. desember som er røykvarslardagen er ikkje tilfeldig. Ingen annan månad har me så mykje open eld i hus og heim som i tida fram mot jol, med stearinljos, ljos på dekorasjonar og kan hende ekstra god fyr i peisen.
Her er råda for testing:
- Sjekk kvar enkelt varslar med testknappen. Hvis den ikkje fungerer må du byte batteri, eller kjøpe ein ny røykvarslar.
- Sjekk om røykvarslarlyden høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom roma er lukka.
- Sjekk at du har minst éin røykvarslar i kvar etasje. Har du fleire røykvarslarar bør dei være seriekobla.
Vil du vite meir? HER er informasjon frå Setesdal brannvesen IKS.