Prosjektleiar i SMG, Sunniva Sutestad, håpar mange kjem til opninga på Øyne onsdag 10. desember klokka 16.
SMG
Gjenbruksstoga opnar i det små i SYR-modellen. SYR er ei regional satsing for sosial inkludering og sirkulær verdiskaping i Setesdal. Det er SMG som eig prosjektet, men stoga i Valle skal drivast i samarbeid med Valle bruktbutikk.
– No bygger me opp aktivitetane steg for steg i samarbeid med bruktbutikken, Setpro, Valle kommune og andre frivillige aktørar, seier prosjektleiar i SMG, Sunniva Sutestad.
Opning onsdag 10. desember
Den store opningsdagen på Øyne blir altså i morgon onsdag 10. desember. Det heile tar til klokka 16 med Valle-ordførar Lars Tarald Myrum som snorklyppar klokka 16.15. Eit kvarter seinare er det leikarringen sin tur, og når borna har dansa frå seg kjem jolenissen med gåver til dei minste! I tillegg blir det ein jolemarknad med gjenbruksting, Valle Bygdekvinnelag sel noko å bite i og kaffi, det blir rigga bålpanner ute og det er gratis pinnebrød til borna.
– Me får også ein liten joleverkstad på plass der borna kan lage sin eigen joleengel av gjenbruksmaterialar, seier Sutestad.
Det er Valle bruktbutikk som skal selge varer i Gjenbruksstoga. I desember er det ope på Øyne 16.- og 17. desember klokka 12-15 og 20. desember klokka 11-15. Faste opningstider kjem utpå nyåret.
– Slik får også Valle bruktbutikk meir plass å tumle på, betre vareflyt og dessutan også meir rom i hovudbutikken. Overskotet kjem til å auke, og det kjem som ein veit lokalmiljøet til gode gjennom gåveordninga bruktbutikken har praktisert fram til no. Så no håpar me at mange tar turen til Øyne i Valle og får med seg opninga 10. desember, seier Sunniva Sutestad i SMG.