Hugs "Heile Noreg rydder" førstkomande laurdag!
Bykle kommune er med når satsinga “Heile Noreg rydder”blir gjennomført førstkomande laurdag 9. mai. Målet er at så mange som råd blir med og tar i eit tak, og rydder i nærområdet sitt.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 06.05.2026 10:45
Sist endra 06.05.2026 10:45

Det er oppmøte og utlevering av ryddeutstyr i grendehuset på Hovden mellom klokka 10-12. Alle som blir med er automatisk med i trekninga på gåvekort. Opplegget er meint som ein lågterskel-tur, ein avgjer sjølv kor lang ein går og kor lenge ein held på.
Mat og is
Etter oppryddingsøykta blir det spandert både mat og is i grendehuset klokka 13. Den som gjerne vil delta, men som ikkje kan laurdagen, kan hente seg ryddeutstyr i grendehuset eller samfunnshuset i Bykle heile veka i opningstidene - frå 4. mai. Også dei som gjer det på dette viset er med i premietrekninga. Arrangementet er eit samarbeid mellom Bykle kommune, Bykle Frivilligsentral, Naturvernforbundet Setesdal, Setesdal miljø og gjenvinning og Friluftslivets år.