Heimevernet med øving i Setesdal 13.- 17. april

Frå 13. til 17. april skal Setesdal HV-område utføre årleg trening, og mannskapar frå Heimevernet kjem til å vere synlege i kommunane Bykle, Valle og Bygland.

Forsvaret

Ein må difor forvente å sjå soldatar med uniform, utstyr og våpen, og i tillegg ei heil rekke uniformerte militære køyretøy.

Lausammunisjon

Det kjem til å bli nytta lausammunisjon og ljosrakettar på ulike øvingsområde. Det blir også gjennomført sanitetsleksjonar med markørar - primært i Bykle kommune. Så er det altså ingen grunn til uro - ein må heller glede seg over at Heimevernet får trent seg på ulike oppgåver under ordna og trygge forhold.