Heile dalen samla til folkevaldopplæring i Valle
Tysdag 9. januar er representantar frå Åseral, Evje og Hornnes, Bygland, Valle og Bykle samla til folkevaldopplæring i Valle. To hovudtema er kraftpolitikk og heieforvaltning.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 09.01.2024 09:36
Sist endra 09.01.2024 09:36
Valle-ordførar Lars Tarald Myrum helsa velkomen til folkevaldopplæring.
Ole Birger Lien
Med på samlinga er dagleg leiar i Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar, (LVK) Jon Rolf Næss, og Lund & Co, som er sekretariat for LVK. I tilegg er alle kommunane representerte frå både politisk og administrativt nivå.
– Kraft og arealforvaltning er så viktige område at me ikkje var i tvil om at her burde ein ha ein temadag. Difor tok Valle kommune dette initiativet, sa Valle-ordførar Lars Tarald Myrum då han baud velkomen til arrangementet i Sølvgarden hotell.
Frå folkevaldopplæring i Valle tysdag 9. januar.
Ole Birger Lien
Todelt dag
Den første delen av dagen blir temaet kraft. Rettigheiter, inntekter og utfordringar innan dette omgattande feltet er problemstillingar dei fleste kan ha noko å lære om. Lovheimla kraftinntekter, konsesjonsavgift og naturressursskatt er somme av underpunkta i den første bolken tysdag.
Arealforvaltning
Andre delen av dagen på Rysstad handlar om heieforvaltning. Sakshandsaming i kommunane, innseiingar, bruk og vern av utmarksområde, villreinproblematikk og ikkje minst situasjonen kring villreinstamma er punkt som ventar dei kring 40 frammøtte.