Haraldsguttene på Bykle sjukeheim onsdag 12. februar

Kommunane Valle, Bykle og Bygland, og av og til Evje og Hornnes, samarbeider om konsertar på bygdeheimane fleire gonger i året. Valle kommune og kulturleiar Torunn Charlotte Nyberg koordinerer samarbeidet. Onsdag 12. februar klokka 12 kjem Haraldsguttene frå Arendal til Bykle sjukeheim.

Formålet med samarbeidet mellom kommunane om konsertane er sjølvsagt at ein kan dele på utgiftene og difor makte å få artistar som Tore Halvorsen, Britt Synnøve Johannesen og Geirr Lystrup til å kome. Midlane kjem frå Den kulturelle spaserstokken, ei tilskotsordning som er forvalta av Agder fylkeskommune.

– Dette sikrar våre eldre eit variert og flott kulturtilbod. Konsertane går føre seg som opne arrangement med gratis inngong, og me nyttar også jamnt lokale utøvarar, seier Torunn Charlotte Nyberg.

Mannskor

Haraldsguttene var i Setesdal i fjor, og mange har villa høyre dei på ny! No kjem dei altså, med konsertar både i Valle, Bykle og Bygland. Det humørfulle mannskoret har stor breidde i repertoaret. Frå pop til musikals, slagarar, salmer og viser - smakebitar frå musikarar som Elvis Presley, Roy Orbison, The Beatles, The Platters, Billy Joel, Ed Sheeran og mange fleire bør sikre at her blir det noko for dei aller fleste! Med seg denne gonga har dei også sin faste akkompagnatør og inspirator, Leif Rino Muller. Onsdag 12. februar klokka 12 er altså Bykle sjukeheim staden å vere!