
Lokalt er det sett ned ein redaksjonskomite. I komiteen sit:
Frode Verpe (frode.verpe@bykle.kommune.no), Bykle kommune, Ann-Torill Briksdal (abriksdal@hovdenalpin.no), Hovden Næringsforening, Torunn Charlotte Nyberg (Torunn.Charlotte.Nyberg@valle.kommune.no), Kultur/Unesco, Bjørn Otto Eliassen (bjorn.otto.eliassen@bykle.kommune.no), Bykle kommune, Roar Hjelmeset (roar@hovdentour.no), leiar hovudkomite for NM og Unn Hovden (unn@hovden.com), Destinasjon Hovden.
Komiteen ynskjer no innspel frå fastbuande, lag og foreiningar og næringslivet i Setesdal om saker som kan vekke interesse i TV2.
– Her har me gode sjansar til å få ut informasjon og kunnskap om alt det positive som rører seg i lokalsamfunnet og regionen både i TV2 og andre mediakanalar. Komiteen skal jobbe fram og førebu redaksjonelle saker, og TV2 ynskjer så mykje som råd “på blokka” som dei kan hente bakgrunnskunnskap, saker og fakta frå, seier leiaren i hovudkomiteen for NM, Roar Hjelmeset.
Ikkje rein reklame
Det kan ikkje nytte å presentere idear som er rein reklame for noko, men positiv omtale av ei sak, satsing eller prosjekt, kan sjølvsagt likevel vere god reklame og omdømebyggjing.
– Så er det sjølvsagt lov å framsnakke kommunen sin! Idrett, kultur, oppvekst, bulyst, attraksjonar, reiseliv, lista over aktuelle område å presentere er lang. Me i komiteen vil også arbeide for å få ut saker i God Morgen Norge, TV2-sporten, på nyheitssendingane og i alt frå NRK Sørlandet til andre som kanskje kjem, i tillegg til ulike aviser. TV2 skal også lage førehandsomtale for å marknadsføre NM-sendingane, så her er mange mogelegheiter. No håpar me at mange kjem med innspel. Dei kan sendast til Unn Hovden eller ein av dei andre i komiteen, seier Hjelmeset.
Heiagjengar i bunad!
I tillegg går det ut ei klår oppmoding til lag og foreiningar om å kome med sine aktivitetar og vise fram under NM. Arrangørklubbane håpar også at folk flest kjem for å heie fram løparane under meisterskapen - og bunadskledde heiagjengar må då gjere seg godt både for dei i løypa men også på TV!