Gratis folkemusikkdag i Hovden grendehus laurdag 28. februar
Bykle kultur og fritid, Valle kulturskule og Setesdal Spelemannslag skipar til gratis folkemusikkdag i grendehuset på Hovden førstkomande laurdag 28. februar klokka 11-15.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 26.02.2026 16:15
Sist endra 26.02.2026 16:15

Store og små blir inviterte til ein folkefest med musikk, dans, skaparglede og aktivitet! Her kan ein få prøve seg på alt frå munnharpe til langeleik, kveding og dans - og aldeles gratis! Det er delt inn i kursgruppe for 1.- 4. klassesteg, mellomtrinnet og vaksne. Det blir kursing i alt frå kveding til munnharpe og Telegangar, og mykje meir.
Felles minikurs
I tillegg blir det felles minikurs i halling og godkartevling, og den høgaste hattesparkaren får premie! Det blir kunst- og handtverkstad og open gymsal etterpå med ein tur til Hovden Fjellbad for den som vil. Det blir også servert lapskaus til lunch, så det er ei skikkeleg totalpakke som ventar den som kjem til grendehuset laurdag!