Gjenbruksbutikken på Hovden open tre dagar i veka

Gjenbruksbutikken i Fjellgardstun på Hovden har ope tre dagar i veka - og tilstrøyminga er god!

Det er ope i butikken torsdag og fredag 13-18, og laurdag 10-16. Det er gratis å stille ut varene sine til sal, og ein set prislapp og vipps-nr på vara sjølv - butikken har alt av utstyr! Hvis ein vil donere varer kan ein gjere det, og frivljuge i butikken set ein pris, då vil denne inntekta gå til drift og eit godt formål valt av samarbeidspartnarane. 

Ein kan innom butikken i opningstidene for spørsmål, eller ta kontakt med grendehuset på tlf: 902 16 856 eller epost: kultur@bykle.kommune.no