Gjenbruksbutikken på Hovden open torsdag 11. desember
Torsdag 11. desember er Gjenbruksbutikken i Fjellgardstun på Hovden open att. Dei første tre vekene med drift har vist stort potensiale!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 10.12.2025 14:41
Sist endra 10.12.2025 14:41

Med skiutstyr, klede, yttertøy, smykker, servise, jolepynt og mykje meir ligg det an til livleg jolehandel. Private kan framleis kome og selge eigne varer i opningstidene. Det er gratis å stille ut varene sine til sal, og ein set prislapp og vipps-nr på vara sjølv - butikken har alt av utstyr! Hvis ein vil donere varer kan ein gjere det, og frivljuge i butikken set ein pris, då vil denne inntekta gå til drift og eit godt formål valt av samarbeidspartnarane.
Utvida opningstid
Det er utvida opningstider i jola. Det er ope 22. og 23. desember kl 11-1600, og laurdag 27. desember (10:00-16:00) På nyåret opnar butikken att 2. januar med vanlege opningstider. Ein kan innom butikken i opningstidene for spørsmål, eller ta kontakt med grendehuset på tlf: 902 16 856 eller epost: kultur@bykle.kommune.no