Fylkeskommunal støtte til sommarjobb for unge
Fylkestinget i Agder har vedteke at arbeidsgjevarar i Agder som tar inn unge i sommarjobb i 2026 kan søke tilskot på inntil 25.000 pr. ungdom - avgrensa til maks fem ungdomar i ei verksemd.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 18.02.2026 09:48
Sist endra 18.02.2026 09:48
Agder fylkeskommune
Det er sett av ei ramme til desse tilskota på fem mill. kr. Det betyr at ordninga kan dekke 200 ungdomar. Målgruppa er dei som er født i 2010 til og med 2006, og med bustadadresse i Agder. Personar med redusert arbeidsevne eller dei som står utanfor skule og jobb, blir prioritert.
Også til dei mellom 16-20 år
Ein kan også søke om støtte til å sysselsette dei mellom 16-20 år, men då må støtta vere såkalla utløysande, at ein arbeidsplass med tilskot utløyser andre ordinære sommarjobbar. Både offentlege og private verksemder kan søke om tilskot.
Les meir/søk på ordninga her.