Frode Moltemyr med konsert på heimen i Bykle onsdag 10. desember

Musikaren med verdas vakraste namn, Frode Moltemyr, kjem nok ein gong til Bykle Bygdeheim for å underhalde på dagsenteret.

Med viser og gode historiar, glimt i auga og eit spesielt tekke i høve å sette publikum i god stemning, kjem Moltemyr til Bykle som del av ein aldri så liten joleturné. Det heile tar til klokka 11.