Frivilligsentralen startar opp Qi Gong!
Kvar måndag klokka 19 frå 9. februar til 4. mai blir det Qi Gong i regi av Bykle frivilligsentral i dansesalen i Hovden grendehus.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 05.02.2026 14:00
Sist endra 05.02.2026 14:00
Bykle frivilligsentral
Qi Gong er ei over 4000 år gamal kinesisk treningsform som kombinerer rolege bevegelsar, pusteteknikkar og meditasjon for å balansere kroppens energi (Qi). Treningsforma har som mål å styrke helsa, auke fleksibilitet, betre balanse og redusere stress. Til øvingane i grendehuset er det skaffa sertifisert instruktør.
Passar alle nivå
– Dette er ei treningsform som passar alle nivå, så her håpar me at mange vil kaste seg med, seier leiar i frivilligsentralen, Stine Rambekk Gulowsen.
Ved spørsmål kan ein vende seg til kultur@bykle.kommune.no eller tlf 90216856.