Fristen for å nominere til kulturprisen i Bykle går ut sundag 15. mars!

Har du forslag til kandidatar til Bykle kommune sin kulturpris? Då må du skunde deg med nomineringa, fristen går ut førstomande sundag 15. mars.

Tom Are Strømsvik og Berit Follerås fekk Bykle kommune sin kulturpris 17. mai i fjor. Førstkomande sundag går nominasjonsfristen ut for ein eventuell kulturpris i år. Helga Jacobsen

Prisen må ikkje men kan delast ut kvart år, og både einskildpersonar eller organisasjonar og lag kan vere aktuelle som kandidatar. Einaste kravet er at kandidatane har tilknytning til Bykle kommune.

Formannskapet avgjer

Det er formannskapet i Bykle kommune som til slutt avgjer kven som eventuelt får årets kulturpris. Forslag kan sendast på e-post til postmottak@bykle.kommune.no, og alle forslag må grunngjevast. Viss det blir ein kulturprismottakar i år, blir prisen delt ut 17. mai.