Frist for å søke om utviklingsstipend er 1. mars
Bykle kommune ved formannskapet kan kvart år dele ut utviklingsstipend til utøvarar på høgt regionalt eller nasjonalt nivå innan kulturområdet som musikk, dans, idrett, skrivekunst, biletkunst og liknande. Fristen for å kome med forslag på ein som bør få slikt stipend er 1. mars.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 28.01.2026 14:58
Sist endra 28.01.2026 14:58

Alder for å kunne søkje dette stipendet er frå 16-25 år, (ein kan søkje frå det året ein fyller 16 år). Ein søkjer sjølv, eller det laget ein høyrer til kan fremje forslag.
HER kan ein lese retningslinene knytta til ordninga.
Søknad kan sendast på epost til postmottak@bykle.kommune.no