Frå no av er det bygdekafé i Bykle tysdagar!
Den populære bygdekaféen i Bykle har samla folk i lokala til vaksenopplæringa vegg i vegg med NAV kvar torsdag. Frå no av er det tysdagar som gjeld!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 26.05.2026 10:47
Sist endra 26.05.2026 10:47
Det er bygdekafé i Bykle i dag. Her frå ei tidlegare samling med indisk gryte på menyen.
Ole Birger Lien
Endringa gjeld alt frå denne veka, så det betyr at første samankomsten er i dag tysdag 26. mai. Frå klokka 12-14 er det eit godt måltid, ei god røe og triveleg selskap det handlar om! I dag er menyen Kylling Jordan med ris - så her kan slukmunnar i alle aldrar bare glede seg!
Kan få skyss
Det er Brynje-prosjektet i samarbeid med frivilligsentralen i Bykle kommune som står bak kaféen. I kaféen kan ein både få seg ein matbit og ein kaffiskvett, og ikkje minst ein prat med kjente og ukjente. No kan ein også få skyss viss ein treng det - då må ein ringe og avtale på tlf 92416961..