Frå NM i langrenn til Berekraftspris i Bykle kommunestyre

Etter orienteringar frå mellom anna Heimevernet og Bykle og Hovden rideklubb i kommunestyremøtet i Bykle sist torsdag, handsama dei folkevalde saker om mellom anna NM i langrenn og den nyoppretta Berekraftsprisen.

Frå kommunestyremøtet i Bykle sist veke. Ole Birger Lien

I saka om NM i langrenn gjekk dei folkevalde samrøystes inn for kommunedirektørens innstilling om at kommunen løyver 500.000 kr. frå næringsfondet i 2026 til oppgradering av stadion og løypeanlegg knytt til NM. Kommunen tar på seg utføring av tiltak for oppgradering av løyper og anlegg innanfor denne ramma. Løyvinga blir soleis ytt/ lagt til budsjettområdet i kommunen. Søknadar om støtte til prosjektstilling / administrativ stilling blir avslått.

Vil konkretisere berekraftsprisen meir

Også den nyetablerte Berekraftsprisen i Bykle kommune vart handsama under møtet. Der vart det vedteke at ein ikkje deler ut ein slik pris i 2026, men at administrasjonen i Bykle kommune først skal kome med ny sak med målbare og dokumenterbare kriterie for prisen. Det vart vedteke samrøystes.

Her er protokollen frå møtet.