Frå Italia til India på bygdekaféen i Bykle torsdag!
Bygdekaféen i Bykle kvar torsdag har etter kvart blitt både ei triveleg sosial stund men også meir og meir av ei kulinarisk oppleving! Denne veka går turen frå Italia like til India!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 05.05.2026 10:16
Sist endra 05.05.2026 10:16
Pixabay
Menyen torsdag 7. mai er Indisk gryte med ris - så her ligg alt til rette for at både kropp og sjel skal vere nøgd etter samankomsten. Sist veke handla det om Italiensk kjøtsuppe - så det er lov å slå fast at bygdekaféen i Bykle ligg på internasjonalt nivå i matvegen!
Samarbeid
Det er Brynje-prosjektet i samarbeid med frivilligsentralen i Bykle kommune som står bak kaféen. I kaféen kan ein både få seg ein matbit og ein kaffiskvett, og ikkje minst ein prat med kjente og ukjente. No kan ein også få skyss viss ein treng det - då må ein ringe og avtale på tlf 415 73 330.