Frå innbyggjarinitiativ mot fyrverkeri til levekårsutvalet i Bykle kommunestyre
Dei folkevalde i Bykle kommunestyre fekk ei heil rekke saker på bordet under møtet torsdag 26. februar.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 02.03.2026 09:56
Sist endra 02.03.2026 09:56
Frå kommunestyremøtet i Bykle sist veke.
Ole Birger Lien
Etter orienteringar frå helse og pleie- og omsorg i kommunen, og frå Setesdal Miljø & Gjenvinning, kom ein i gang med dei politiske sakene. Ein drøfta ny felles eigarstrategi i Å Energi, og eit samrøystes kommunestyre gjekk inn for å legge ned Levekårsutvalet. Fleirtalet av dei folkevalde sa seg samde i kommunedirektøren si innstilling om å “stille seg positiv til forslaget om mellombels endring av alkohollova sin regel om maksimaltid for skjenking under fotball-VM for herrar 2026”.
Grovsiling utsett
Kommunestyret skulle i utgangspunktet grovsile innspel som har kome til det som skal bli ny sti- og løypeplan i Bykle kommune. Under møtet vart eit innspel om å utsette saka slik at ein kan få ein runde til med grunneigarar før ein går vidare, handsama. Det slutta dei folkevalde seg til.
Dette, og mykje meir vart handsama i Bykle sist veke.
Her kan du lese protokollen frå møtet.