Folkehelseoversikta for Bykle kommune er klar!
Den ferske folkehelseoversikta for Bykle kommune viser bygder og folk i relativt god form - men sjølvsagt også område der ein kunne ynskje seg endå betre resultat. Oversikta skal vere eit konkret kunnskapsgrunnlag for kommunen sin planstrategi, kommuneplan og ikkje minst det daglege arbeidet for eit berekraftig lokalmiljø og helsefremjande nærmiljø for alle.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 13.03.2025 08:45
Sist endra 13.03.2025 08:45

Folkehelsa handlar om befolkninga si helsetilstand, “helsefordelinga” i befolkninga - og blir kartlagt i mellom anna livskvalitet, levestandard, utdanningsnivå, forekomst av sjukdom og forventa levealder. Folkehelsearbeidet er samfunnet sin totalinnsats for å styrke dei faktorane som fremjar helse, og sjølvsagt å arbeide mot dei faktorane som gjer helsa dårlegare.
Vil ha medverknad
Folkehelseoversikta er tilgjengeleg for alle - ikkje minst for å leggje til rette for medverknad i det daglege folkehelsearbeidet.
No er altså oversikta klar!
Folkehelseoversikta for Bykle kommune