Flott joleavslutning for Bykle pensjonistforeining
Mange var med då Bykle pensjonistforeining skipa til joleavslutning tidlegare denne veka.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 06.12.2023 12:34
Sist endra 06.12.2023 12:34
Mange med på joleavslutning for Bykle pensjonistforeining.
Merete T. Egeland
Det var passande at det var på Frivillighetens dag den 5. desember avslutninga vart skipa til, for bak drifta i foreininga ligg det mykje god dugnad! Det same gjeld seniortrim/kafé, som også hadde joleavslutning som del av arrangementet.
Viltgryte og song
Bykle hotell kom med viltgryte, det var allsong og styret i foreininga presenterte seg. Teknologiambassadørar Bernt Berntsen og Ole Morten Egeland greia ut om velferdsteknologi. Frivilligsentralen delte ut gåvekort og heider til dei tre friviljuge hjelparane Dag og Aud Skagestad og Bjørg Sissel Tveiten for solid innsats for trim og kafé i samfunnshuset.
– Både deira og alle andre friviljuge sin innsats rundt om i kommunen blir verkeleg sett pris på, seier leiar i Bykle frivilligsentral, Merete T. Egeland.