Fjellgardshallen med open kafé kvar onsdag
Fjellgardshallen på Hovden, samarbeidsprosjektet mellom rideklubben og Brynje-prosjektet i Bykle kommune like ved langrennsarenaen, har open kafé kvar onsdag mellom klokka 12-17. Det er også open stall mellom klokka 16.30-18.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 07.01.2026 10:32
Sist endra 07.01.2026 11:57

I kaféen kan ein få varm og kald drikke, mat og kaker. Ut på ettermiddagen opnar stallen, og både born og unge kan bli med det som skjer der, alt frå å stelle hest til møkking. Av og til kan ein kan hende også få seg ein ridetur!