Fjellgardshallen kafé open i morgon!
Fjellgardshallen kafé på Hovden har to opningsdagar att denne månaden - i morgon og 17. desember. Begge dagane er det ope frå 12-17.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 09.12.2025 13:29
Sist endra 09.12.2025 13:29

Kvar samling vankar det både varm mat, kaker, og varm og kald drikke. Fjellgardshallen kafé er eit samarbeid mellom Bykle og Hovden rideklubb og Brynje-prosjektet i Bykle kommune.
– Me håpar at mange vil kome desse dagane, det skal bli god tid til både ein matbit og ei god røe, seier Vidar Mortensen i Brynje-prosjektet.