Fjellgardshallen kafé open i dag og to dagar til i desember
Tre gonger i desember er det ope i Fjellgardshallen kafé - nemleg i dag 3., 10. og 17. desember.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 03.12.2025 09:35
Sist endra 09.12.2025 13:16

Kvar samling vankar det både varm mat, kaker, og varm og kald drikke. Fjellgardshallen kafé er eit samarbeid mellom Bykle og Hovden rideklubb og Brynje-prosjektet i Bykle kommune.
– Me håpar at mange vil kome desse dagane, det skal bli god tid til både ein matbit og ei god røe, seier Vidar Mortensen i Brynje-prosjektet.