Fjellgardane barnehage vitja Hovden hytteservice

Nyleg vart Fjellgardane barnehage på Hovden invitert på vitjing til verksemda Hovden hytteservice. Det vart ein spennande dag der borna mellom anna fekk seg tur i el-gravemaskin!

Alle foto: Nora Mauseth

Dei små fekk prøvesitte og ikkje minst teste ut horna i ulike doningar - gjett om det var stas når det bråkte som verst! Det spørs om ikkje Jo og Yngve i Hovden hytteservice gjorde noko smart her, for dette må vere langsiktig rekruttering av beste merke!

Pylser, is og “uniform”

I tillegg til alle spennande opplevingar i køyretøya vanka det pylser og is på borna. Og ikkje nok med det. Genser med verksemda sin logo fekk dei også med seg heim, så at her er både ein og to anleggssluskar i kominga kan det vere lite tvil om!