Festopning av dagsturhytte og sherpa-sti på Hovden i morgon 22. juni

Laurdag 22. juni blir ein festdag på Hovden. Då opnar både den flotte sherpa-stien og den like flotte dagsturhytta Hovdenuten.

Sherpa-stien og dagsturhytta på Hovden opnar laurdag 22. juni. - Klikk for stort bileteSherpa-stien og dagsturhytta på Hovden opnar laurdag 22. juni. Bykle kommune

Programmet byrjar klokka 13. Dei første 200 som møter opp får servert nistepakke. Stien tar til vis á vis Hovden fjellpark 13. Det er parkering ved grendehuset og i sentrum. Turen opp til dagsturhytta tar kring ein time. Det er råd å gå vidare rundt Hovdenuten og ned att merka sti for den som vil ha endå meir trim.

Snorklypping

Opningsseremonien ved dagsturhytta tar til klokka 15. Der blir det høgtideleg snorklypping, helsingar og talar. Musikk- og songinnslag blir det også, og sjølvsagt ei omvisning både i hytta og området. For dei minste blir det rigga til aktivitetar både inne og ute! Så er det bare å krysse alle fingar for godt ver, slik at denne dagen kan bli ein skikkeleg bygdefest øvst i dalen!