Endra tider for open dør hjå Bykle-ordføraren i rådhuset i dag
Etter planen skulle det vere open dør hjå Bykle-ordførar Hans Blattmann frå morgontimane i dag tysdag 24. februar. No blir tidspunktet endra til litt utpå dagen.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 24.02.2026 07:58
Sist endra 24.02.2026 07:58
Det er open dør hjå Bykle-ordførar Hans Blattmann tysdag 24. februar mellom klokka 12-14. I morgon kan ein treffe han på Hovdetun mellom klokka 13-15.
Ole Birger Lien
Den som vil svinge innom ordføraren på kontoret hans i Bykle rådhus i dag, kan gjere det mellom klokka 12-14. Opphaveleg var tida sett til 9-11. I morgon er det på Hovdetun ein kan treffe ordføraren. Også då blir tidspunktet endra. Det som gjeld i morgon er klokka 13-15.