Endra rutinar for medisin-leveransar i Bykle og Valle
Apoteket på Evje har fått endra rutinar på levering av medisin oppover dalen.
– Det blir levering til dei same butikkane som før, men frå no av er det tysdagar, onsdagar og fredagar som gjeld, seier Oddny Bjørgum Sagneskar ved legekontoret i Valle.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 20.03.2026 10:51
Sist endra 20.03.2026 10:51
Pixabay
Medikament som skal frå apoteket og oppover dalen blir shippa avgarde klokka 07 dei morgonane dei skal leverast. Det betyr at fristen for å tinge medisin er klokka 14 dagen før ein må ha dei.
– Så er det slik at medisinpakker som blir liggande på butikken og ikkje henta i løpet av seks virkedagar blir returnert til apoteket, minner Sagneskar Bjørgum om.