Endeleg er det meirope bibliotek i Bykle igjen!
Etter mykje plunder med det tekniske er no ordninga med meirope bibliotek i Bykle på plass att.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 17.12.2025 09:45
Sist endra 17.12.2025 09:45

Det betyr at både trufaste og nye brukarar kan kome og få lånt eller levert også utanom ordinær opningstid - frå 07-23 kvar dag utanom fem veker om sommaren! Så er det på sin plass å minne om ordninga der ungdom frå 8. klasse kan kome og signere avtale - dei treng då signatur på avtalen av føresette.