Ein smak av Italia på bygdekaféen i Bykle i dag!
Det er torsdag, og det betyr bygdekafé i Bykle. Frå klokka 12 til 14 blir det “Vesle Italia” i lokala!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 30.04.2026 08:34
Sist endra 30.04.2026 08:34

På menyen står det nemleg italiensk kjøtsuppe og i tillegg nysteikt brød - så den matmonsen som ikkje blir nøgd då, er sers kresen!
Samarbeid
Det er Brynje-prosjektet i samarbeid med frivilligsentralen i Bykle kommune som står bak kaféen. I kaféen kan ein både få seg ein matbit og ein kaffiskvett, og ikkje minst ein prat med kjente og ukjente.