Ei leilegheit igjen i Leige før eige prosjektet

Det er no ei leilegheit ledig i "Leige før eige" i Røyrvikåsen på Hovden. Av dei seks leilegheitene i prosjektet er det no berre ein igjen. Dette er utlysinga, søknadsfrist er 15. oktober.

Det er tre einingar ledige i Leige før eige-prosjektet. - Klikk for stort bileteDet er tre einingar ledige i Leige før eige-prosjektet. Helene Nilsen

Dei som får leilegheit i "Leige før eige" kan altså leige i inntil fem år før dei bestemmer seg for om dei vil kjøpe, ein kan tidlegast kjøpe etter tre år viss ein har spart nok eigenkapital. Viss dei vil ut etter den avtalte leigeperioden og likevel ikkje kjøpe, får dei all sparinga dei har lagt inn tilbake, og det med renter. Eit temmeleg unikt tilbod altså.

Den ledige eininga er leilegheit 102,  Den er på 54 kvadrat i fyrste etasje. Det er parkering i felles garasjerekke. På garasjeplassen blir det lagt inn straum og opplegg til å lade El-bil. Prisen er 2,1 mill. kr. I og med at prisen er satt no, betyr det at den som eventuelt kjøper etter å ha leigd i tre eller fem år får gevinsten av prisauke i eigedomsmarknaden som ein bonus på toppen av sparinga som alt ligg inne.

Folkeregistrert i minst eitt år

For å kunne søke seg inn i ein av leilegheitene må ein vere over 18 år, og ha vore folkeregistrert i kommunen i minst eitt år. Unnataket er lokal ungdom som studerer ute.

Søknadsfristen er sett til 15. oktober. Tildelinga skjer innan to veker etter den datoen.

Her er lenke til søknadsskjemaet.

For meir informasjon om prosjektet kan ein sjå på Bykle kommune si heimeside. Har ein spørsmål kan ein sende dei på e-post til postmottak@bykle.kommune.no- og då er det lurt å merke e-posten “Leige før eige”.

Her  (PDF, 353 kB)kan du lese meir om Leige før eige