Dugnad på Hegni onsdag 14. mai

Kultur og fritid i Bykle kommune skipar til dugnad på Hegni onsdag 14. mai for å gjere området fint til 17. mai - og vidare drift i sommar.

Det er dugnad på Hegni onsdag 14. mai frå klokka 15.

Frå klokka 15 handlar det om å fjadde og ordne, slik at området skal vere klart til vår- og sommarsesongen. Kultur og fritid stiller med grillmat og kake, så den som tar i eit tak skal ikkje gå frå dugnaden svolten!

– Her skal sopast, feiast, ryddast og vaskast, så me håpar at mange stiller opp og blir med, seier leiar i Bykle Frivilligsentral, Stine Rambekk Gulowsen.