Kulturskulen slo til under jole kick off på Hovden!
Alle foto: Helga Jacobsen
Alt starta på beste vis med ein gnistrande konsert der kulturskulen sine talentfulle elevar stod i fokus. Aldri før har ein sett ei slik oppslutning på scena! Med heile 30 innslag demonstrerte elevane eit imponerande nivå og ei smittande speleglede. Frå dei yngste barna på 1. trinn som sjarmerte med vakker korsong, til ungdomstrinnet sine dyktige solistar som leverte sterke og rørande nummer – kvar einaste framføring var eit prov på det fantastiske arbeidet som vert gjort ved kulturskulen.
Graut, Gløgg og Juleverkstad
Etter konserten var det duka for kos og kreativitet. Gymsalen var fylt til randen av feststemde folk som koste seg med gratis graut og varm gløgg. Her vart det òg rigga til ein populær joleverkstad, der store og små kunne skape mange fine joleting og verkeleg kome i jolestemning. Dette skapte ein varm og inkluderande møteplass for alle frammøtte.
Jolegrantenning og fakkeltog
Høgdepunktet for mange var samlinga i sentrum. Klokka 16:30 marsjerte eit vakkert fakkeltog frå Hovden grendhus ned til sentrum. Presis klokka 17:00 lyste julegrana opp i all si prakt, med stemningsfull jolemusikk som krydder. Dagen vart avslutta med besøk av sjølvaste jolenissen, som delte ut godteposar til alle som ville ha. Arrangementet trekte til seg både lokale familiar og hyttegjester, og det vart flott dag for store og små.
– Ein stor takk går til alle involverte, særleg elevane, kulturskulen, kultur- og fritidsavdelinga, og alle frivillige som bidrog til å gjere dagen så flott, seier Helga Jacobsen i Bykle kommune.
Ho takkar også sponsorane Coop Extram Kiwi og Rema 1000.