DSB førebur ny info om eigenberedskap for Totalforsvarsåret 2026

2026 er Totalforsvarsåret, og Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) førebur no eit lyft med tanke på informasjon til kommunar og folk flest om eigenberedskap.

Eigenberedskap handlar mellom anna om å ha eit skikkeleg eigenberedskapslager heime. DSB

Kvart år er det nasjonal eigenberedskapsveke ut på hausten. Kommunane Bykle og Valle, som samarbeider om beredskap, har også innført ei eiga slik veke kvar vår like før sommarferien.

– Det er fordi merksemd om eigenberedskap er noko av det viktigaste me kan gjere. Viss me kan vere med på å leggje til rette slik at så mange som råd kan klare seg sjølv ei veke, betyr det at me frigjer ressursar til hjelp for dei som verkeleg treng det, seier kommunedirektør i Bykle kommune, Karina Sloth.

Nytt informasjonsmateriell

DSB er no i gang med å utarbeide nytt informasjonsmateriell om eigenberedskap, og det kjem til å bli skipa til ulike kurs og webinar i løpet av året. I tillegg skal det utviklast ein kampanje knytta til krisekommunikasjon ved bortfall av e-kom, før den nasjonale eigenberedskapsveka kjem i gang i oktober. I Bykle og Valle blir det altså alt i juni ekstra fokus på temaet - før kommunane også deltek på den nasjonale satsinga om hausten.

Her finn du heimesida til DSB

Kva er Totalforsvarsåret 2026?

Totalforsvarsåret 2026 er ei nasjonal satsing der Noreg styrkjer samhandlinga mellom det militære forsvaret og det sivile samfunnet for å vere betre førebudd på kriser og – i verste fall – krig. Bakgrunnen er ei alvorlegare sikkerheitspolitisk tid i Europa, prega av mellom anna krigen i Ukraina. Regjeringa har derfor peikt ut 2026 som eit år der heile samfunnet skal trene på beredskap, styrkje motstandskraft og sikre at kritiske samfunnsfunksjonar kan halde fram også under press. Forsvaret og DSB planlegg og gjennomfører ei rekke øvingar og aktivitetar gjennom året, saman med kommunar, næringsliv, frivillige og innbyggjarane. Målet er å gjere landet meir robust, sikre betre samarbeid mellom militære og sivile aktørar, og sørgje for at befolkninga er betre førebudd dersom kriser oppstår.