Donerte gåver er livsgrunnlaget til Gjenbruksbutikken på Hovden!

Gjenbruksbutikken på Hovden har vore ein suksess med mange innom for å sjå på alt ein kan få seg der. Og nettopp det at folk held fram med å donere varer er sjølve livsgrunnlaget for butikken.

Siren Hodne med hendene fulle av garn. Stine Rambekk Gulowsen

– Me er sers takksame for støtta frå start og fram til no, det er fantastisk å sjå kor mange som engasjerer seg. Så er det slik at for å halde butikken open vidare treng me fleire som donerer gåver, seier leiar i Bykle frivilligsentyral, Stine Rambekk Gulowsen. 

Går såvidt i balanse

Alt av inntekter til butikken går til å dekke husleige og straum, og akkurat no går verksemda såvidt i balanse. 

– Kvar einaste ting som blir levert inn, har noko å seie for oss, slår Rambekk Gulowsen fast.

Ho minner om at alle som har ting ståande dei ikkje har bruk for, er hjarteleg velkomne til å levere til Gjenbruksbutikken. Ho minner også på at dei som sel noko privat sjølvsagt kan legge att ein liten donasjon.