Digitale kurs om berekraft heile denne veka
Frå måndag 23. september til og med fredag 27. september blir Bærekraftsuka 2024 skipa til i regi av Næringshagane i Noreg. Dette er eit digitalt webinar med ulike tema kvar dag.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 23.09.2024 10:55
Sist endra 23.09.2024 10:55
Det betyr at viss ein er interessert i berekraft og kvifor det er viktig for ei verksemd eller samfunnet, er det fleire webinar av interesse her.
– Opplegget er ope for alle og kostar ingenting. Webinara er på mellom 30-60 minuttar, og ein kan sjølvsagt velje det ein er mest interessert i, seier rådgjevar næring i Bykle kommune, Nils Johan Markus Lund.
Variert
Webinara går mellom klokka 10-12. I dag er temaet “kvifor arbeide med berekraft”. I morgon 24. september handlar det om sirkulærøkonomi, før ein onsdag tar for seg industriell symbose. Torsdagens tema er sertifiseringar og rapportering, og fredag blir veka avslutta med temaet sosial berekraft.
HERer lenka til berekraftsveka.