Det gjekk over 300 pylser på Bykledagen!
Med ein svært vellukka Bykledagen unnagjort kan arrangørane bare slå fast at dette arrangementet vil bygdefolket ha!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 03.09.2024 13:53
Sist endra 03.09.2024 14:13
Mange fekk med seg Bykledagen.
Sigrid Bjørgum
Bykle næringslag med støtte mellom andre frå Bykle kommune og andre lokale aktørar hadde sydd saman eit svært innhaldsrikt program. Det sette folk pris på! Til alle deler av dagen strøymde det på med fastbuande og tilreisande, og med strålande haustsol som ramme vart det akkurat den bygdefesten alle hadde håpa på.
300 pylser
Ved Sarvsdammen såg Otra Kraft Da til at det buldra av vatn over konstruksjonen og ned i juvet. Meir enn 300 pylser gjekk det, og folk storkoste seg. Brannstasjonen hadde mange innom, og dei var ikkje få, “brannmennene” som fekk prøve seg med vasslangen eller i brannbilen. I Lislestog gjekk det slag i slag med alt frå forteljarstund til Bykle husflidlag sin kafé og skattejakt. Dagen vart runda av med gratis konsert i Bykle kyrkje i regi av Bykle folkeakademi. Der kom bandet “Down from the mountain” med Inger Lien (vokal), Gøril Ramo Håve (vokal, gitar og langeleik) og Knut Tore Bratland (vokal og gitar).
– Alt gjekk svært bra, og det var god stemning gjennom dagen, seier prosjektleiar i Destinasjon Hovden, Lina Dufva.
Skattejakt var eit populært tilbod!
Sigrid Bjørgum